Endeleg LAN igjen

At Vestland fylke satsar på e-sport og gaming vert sett pris på i miljøet. Og det kunne ikkje høvd betre: No vert det endeleg LAN-party igjen, etter lang koronapause.

Likar: LAN-miljøet likar godt at fylket har fått sin eigen strategi for e-sport og gaming, både for topp og breidde. Bildet er frå bLAN i Breimshallen, som i helga vert arrangert for første gong igjen etter pandemien.   Foto: bLAN

Nyhende

- Vi arrangerer faktisk bLAN no i helga, så at Vestland satsar på dette likar vi godt seier Nicolai A Sandnes, arrangementssjef i bLAN.