Fekk endeleg heider og ære etter koronautsetjing

Mjølkeprodusentar i Hornindal og Stryn kunne endeleg motta Sølvtina si for å ha levert elitemjølk kvar einaste dag i 15 år.

Fekk sølvtina: Rønnaug Bjørneset Seljeset og Kristen Olav Seljeset, Hornindal. Alle foto: TINE 

Nyhende

På grunn av pandemien har ikkje TINE kunne halde arrangement der dei har delt ut heider og ære til sine produsentar. TINE valde difor i april å sende ut pressemeldingar om kven som hadde oppnådd heidersutmerkingane Sølvtina eller Mjølkespannet i år. Men måndag 4. oktober kunne TINE endeleg samle over 130 mottakarar frå heile landet samla på Lillestrøm til prisutdeling. Etter 5.500 samanhengande dagar med elitemjølk vart tre lokale produsentar heidra med Sølvtina: Arild Fure, Stryn, Magne Øen og Jannicke Kroken, Hornindal og Kristen Olav Seljeset og Rønnaug Bjørneset Seljeset, Hornindal. Kvar dag måler TINE kvaliteten på mjølka frå norske mjølkeprodusentar. Den beste mjølka blir kategorisert som «elitemjølk». Mjølka blir analysert for ei rekkje parameter. I tillegg er det krav om godt dyrestell. Bønder som leverer elitemjølk kvar einaste dag i 15 år blir heidra med Sølvtina, og dei som greier det i heile 25 samanhengande år blir heidra med Mjølkespannet.