«Cafe Rene» på Strynemessa:

– Dette er ein stor dugnad for oss

Aldri ei Strynemesse utan ein kafe. For fjerde gong er det fotballgruppa i Stryn som syter for kaffi, kaker og betasuppe til messepublikumet.

Allo Allo: John «Rene» Os kjem til å servere kaffi og noko å bite i gjennom heile messehelga. Kanskje du får ei god historie på kjøpet også?  Foto: Thomas Thaule

Dette er eit av årets høgdepunkt for oss, og det kjem til å gå slag i slag i kafeen frå fredag føremiddag til søndag ettermiddag

John «Rene» Os
Nyhende

– Det er mange som er involverte for å få gjennomført kafeen på Strynemessa, seier leiar i arrangementsgruppa, Evy Mariann Rossetvik. Totalt reknar ho med at over 50 personar bidreg på dugnad i løpet av messehelga.

Dugnadsbasert kafe

– Det har vore mykje organisering og planlegging i framkant av Strynemessa, og dugnadslister og vakter skal ajourførast. Dette er ein stor dugnad for oss, der foreldre stiller som kafevertar, leverer kaker, vafler, rundstykke, kanelbollar og pizzabollar, for å nemne noko. Pensjonistgruppa syter også for betasuppe. Det blir ein flott kafe, og etter rigging torsdag er alt klart til å ta imot kafegjestene, fortel Rossetvik.

Fredag er det tradisjonelt seniortreff, så allereie då får nok kaffitraktarane «køyrt seg». Så går det slag i slag heile helga for kafedrivarane.

Messekafe: Det er fotballgruppa i Stryn som driftar kafeen på Strynemessa.  Foto: Thomas Thaule

Eit høgdepunkt

Med ansvar for kafeen tre dagar til ende er det ikkje til å stikke under ein stol at dei ansvarlege kan kjenne seg slitne når alt er rydda søndag kveld.

– Vi kan vere skikkeleg slitne etter messehelga, men det er veldig kjekt å drive kafe ein gong i året, seier Rossetvik.

– Dette er eit av årets høgdepunkt for oss, og det kjem til å gå slag i slag i kafeen frå fredag føremiddag til søndag ettermiddag. Det er kjekt å møte folk, og samstundes får fotballgruppa vist seg fram litt, seier dagleg leiar i Stryn fotball og kafevert under Strynemessa, John «Rene» Os.

Messekafeen er også ei viktig inntektskjelde for fotballgruppa i Stryn.