– Eit godt fellesskap sjølv om den eine er på institusjon

Sjølv om den eine har fått demens, kan eit ektepar ha eit godt fellesskap og mykje glede i lag. – Vi har eit godt fellesskap. Særleg er søndagane viktige, seier Eivind Skjerven, som besøkjer kona Tordis praktisk talt kvar dag.

God kommunikasjon: – Så fin du var i dag, seier Eivind når han kjem inn på rommet til Tordis. – Takk, du er så snill, du, seier Tordis glad. Det er no 10 år sidan Tordis fekk diagnostisert demens. – Vi har bygd opp eit godt fellesskap på våre premissar, seier Eivind. 

Nyhende

Tordis og Eivind Skjerven var begge lærarar, og hadde eit sosialt liv og stor kontaktflate. Dei såg føre seg eit aktivt pensjonisttilvære saman.