Første Rosa Sløyfe-løpet i Stryn

Måndag 4. oktober gjekk det aller første Rosa Sløyfe-løpet av stabelen i Stryn. sentrum

Måndag vart det gjennomført Rosa Sløyfe- løp i Stryn.   Foto: Privat

Nyhende

Dei fleste kjenner nokon som har eller har hatt kreft. Rosa Sløyfe- løpet er for å skape auka merksemd rundt kreftsaka. Inntekta går til kreftforeininga. Anten ein går eller spring, viser ein solidaritet med dei som er ramma. Det handler ikkje om kor fort eller kor langt ein går, men at ein gjev merksemd til ei viktig sak.

– Neste år håpar vi endå fleire vil delta, seier Nina Erdal, som arrangerte det første løpet i Stryn.