LEIAR:

- Miksen av det heile er oppskrifta til suksess

Godbitar: Sildebordet til Sildakongen er berre noko av mange populære innslag på Strynemessa.  Foto: Roy Aron Myklebust

Auken i omsetjing i Stryn ei slik messehelg er formidabel, samanlikna med ei elles vanleg hausthelg

Nyhende

Strynemessa anno 2020 vart aldri noko av. Koronapandemien stoppa heile moroa. Men no er det ingenting som kan hindre at den 45. Strynemessa vert realitet. Eitt år forseinka.

Messegeneral Jørn Sønsterudbråten og samarbeidspartnarane hans i Røde Kors var nok i tvil lenge, om samfunnet ville opne opp nok og i tide, til at det skulle la seg gjere å arrangere Strynemessa i år. Men etter nøye vurderingar og rådslaging ikkje minst med smittevernansvarleg i Stryn kommune, vart det beslutta å satse. Det står det stor respekt av.

For Strynemessa betyr så mykje for så mange fleire enn dei som er med på å arrangere. Både Fagre Stryn Aktivitetsselskap og Røde Kors ville klart seg på eitt eller anna vis, også utan messe. Men det at dei som arrangør går inn og inviterer til messe, har enorme ringverknader for eit stort og allsidig næringsliv og organisasjonsliv både i Stryn og bygdene rundt. Strynemessa trekkjer til seg mykje folk som vil kome både for den gode handel og den gode opplevinga. Auken i omsetjing i Stryn ei slik messehelg er formidabel, samanlikna med ei elles vanleg hausthelg.

For mange av butikkane i Stryn er ei slik handlehelg så viktig at omsetjinga og inntjeninga denne helga bidreg godt til årsresultatet. Ikkje minst i eit år der også motorfestivalen vart avlyst, er det desto viktigare å få ei helg med god gammaldags messestemning og ditto handel.

Folk trur nok ikkje at det å arrangere ei strynemesse gjer seg sjølv. Men dei færraste tenkjer nok over kor mykje arbeid som ligg bak. Motivasjonen for å arrangere messe og festivalar er ikkje pengar i eiga lomme. Motivasjonen er å skape gode møteplassar, gode opplevingar for store og små og marknadsplass der lokale og tilreisande kan møtast og saman skape handel og stemning.

Difor er menyen så viktig. Med alt frå tivoli og sukkerspinn til underhaldning. Og heile spekteret frå salsboder med "tull og tøys" til allsidig landbruksutstilling av høg kvalitet. Miksen av det heile er oppskrifta til suksess. Og den let seg ikkje komponere på ein-to-tre. Det let seg heller ikkje gjere å skaffe alle aktørane med få knips. Desto større grunn til å hylle den og dei som fortener det, arrangørane som klarer å skape liv, røre og handel i Stryn.

Bengt Flaten

ansvarleg redaktør