Overraska og glad vinnar av Frivilligprisen 2021

- Dette var ei stor overrasking, og svært gledeleg, sa styreleiar Per Ove Reme frå Stiftinga Gamle Innvik Ullvarefabrikk då han mottok Frivilligprisen 2021 frå Stryn Frivilligsentral under opninga av Strynemessa fredag.

Fekk pris: Representantar for styret for Gamle Innvik Ullvarefabrikk med prisen, frå v. Jostein By, Brit L. Bøe, Cecilie Hogrenning og styreleiar Per Ove Reme. Srave Haugen, Bjørn Tisthamar og Per Heggdal sit også i styret, men var ikkje til stades. Bak prisutedlarar frå Stryn Frivilligsentral: Inger Hoff, styreleiar Anders Magne Vik, dagleg leiar Marit Sandnes Skrede, Åse Flo og Zalve Nesdal.  Foto: Gunnhild Sindre

Nyhende

– Arbeidet til årets vinnar av Frivilligprisen går heilt tilbake til 1993, sa Inger Hoff frå styret i frivilligsentralen, då ho la fram grunngjevinga for prisen for ein fullsett kafé i messehallen.