Kommunal kompensasjonsordning:

2,5 millionar til lokale føretak

Stryn formannskap fordelte torsdag nærare 2,5 millionar til lokale bedrifter gjennom den kommunale kompensasjonsordninga.

Hydlaparken: Klatreparken i Stryn har motteke til saman 500.000 kroner gjennom den kommunale kompensasjonsordninga. Her Margaret Jønland som er dagleg leiar for parken. 

Det har ikkje vore ei lett vurdering

Kommunedirektør Jon B. Nesje
Nyhende

Dette er tredje «potten» som kommunen har motteke frå Kommunal - og moderniseringsdepartementet, til fordeling på lokale bedrifter. Dei to føregåande var på til saman kr 2.494.268,- og vart fordelt av formannskapet i mai i år.