- Ei eiga landbruksmesse i seg sjølv

– Vi har mange nyheiter innan traktor og anna som vi dei to siste åra ikkje har hatt høve til å reise rundt og vise fram, seier Ove Myklebust frå Eiksenteret, som har gledd seg til å vere på Strynemessa igjen.

Fag i fokus: Strynemessa har blitt ein viktig fag-møtestad for landbruket. Eiksenteret er trufast utstillar på messa, med både Valtra, Fendt og Massey Ferguson.   Foto: Jørn Sønsterudbråten

Nyhende

Strynemessa landbruk har blitt ein viktig møteplass for fagmiljøet. Ei eiga landbruksmesse i seg sjølv, der fleire leverandørar innan landbruksmaskiner og -reiskapar kjem tilbake år etter år. Her finn dei ein viktig møteplass og eit godt fagmiljø.

Strynemessa har såleis utvikla seg til å bli eit fagtungt miljø i tillegg til tradisjonell messe med sukkerspinn, karusellar, mat og underhaldning. Og ein tur innom landbruksområdet viser at det ikkje berre er dei faginteresserte som går her: Det er ikkje få entusiastar i førskulealder som sirklar med store auge rundt traktorar og maskiner.

Viktig stad å treffe folk

Strynemessa har eit stort omland, og ikkje minst dei landbruksfagleg interesserte tek gjerne turen for å få med seg siste nytt, handle eller gjere avtalar.

Eiksenteret i Ørsta tek også dette året turen gjennom Kviven med traktorar og reiskapar på lasset. Her møter dei Eiksenteret frå Førde, og samarbeider med dei på messa.

– For oss er messa ein fin plass å halde kontakta med kundane. Det er trangare og trangare tider i landbruket, og fleire og fleire må ut i anna arbeid utanom garden. Då er det ikkje så lett å treffe folk heime når vi er ute og fer i vekene. Dermed er det viktig å kunne treffe dei på messa i staden, seier Myklebust.

Mykje å sjå: Det er mykje å sjå på for dei som er interesserte i landbruksreiskapar, traktor og maskiner. Landbruksdelen av Strynemessa er ein populær arena for folk i alle aldrar.  Foto: Jørn Sønsterudbråten

Mykje nyheiter innan traktor

Han legg til at det i år blir litt ekstra kjekt.

– Det har vore eitt til to år der vi ikkje har vore noko særleg ute på gardane, det har føregått mykje på telefon. Så det er fint å kunne treffe folk igjen.

Myklebust seier Eiksenteret set veldig pris på den plassen utstillinga har og den forma landbruksdelen av messa har fått.

– Vi har mykje nyheiter både innan traktor og anna som vi ikkje har hatt høve til å reise rundt og vise fram dei siste to åra. Så då er det fint å få mogelegheita til å vise det no, seier Myklebust.

– Kva kjem de med til messa?

– Vi kjem med traktorar og reiskapar. Massey Ferguson, Valtra og Fendt, pluss reiskapsprogrammet der vi plukkar med oss det vi har plass til . Alle tre merka har kome med forskjellige nye modellar, så difor skal det bli ekstra kjekt endeleg å få vise dei fram for folk!