Skråblikk ved Reidar Ladehaug:

Råsa

Sjelero: «Eg er åleine i utmarka. Tida har stoppa, alt er såre vel. Ei mild sjelero trekkjer inn, som tjære på ein innturka naustvegg», skriv Reidar Ladehaug i sine betraktningar frå lyngen i Alversund. Illustrasjon ved Roy Aron Brenvik Myklebust 

Nyhende

Eg strekkjer ut ein verkjande rygg. Ei øyredøyvande stille har lagt seg som eit mjukt pledd over landskapet, signa av fuglekvitter, surrande insekt og raudnande sol. Eg er åleine i utmarka. Tida har stoppa, alt er såre vel. Ei mild sjelero trekkjer inn, som tjære på ein innturka naustvegg.