Strynemessa:

Sildakongen i storslag

Sildakongen, Arvid Otto Sildenskiold Mørch, var tilbake på Strynemessa og som vanleg var han i storslag.

Entertainer: Arvid Otto Sildenskiold Mørch, eller Sildakongen som dei fleste kjenner han som, har ingen problem med å fange merksemda til publikum. Han byr på historier, stev og dikt - framført med stor innleving. 

Nyhende

Han «messa» i kjent stil og baud på stev og dikt då han ønska folk velkomne, og alle måtte ta del i bordverset «Du som metter» før sildabordet vart opna. Det danna seg fort ei lang kø for å smake på dei ulike sildesortane, og det rikhaldige utvalet av tilbehør, som kalde poteter, rødbetar og løk.