Strikkestand på messa i over 20 år

Thorill Nilsen frå Stryn, no busett i Ørsta, har hatt strikkestand på Strynemessa i over 20 år. Ho synest det er like stor stas kvart einaste år.

Heimestrikk: Thorill Nilsen frå Stryn, busett i Ørsta, er tilbake på stand i Strynehallen med mange ulike strikkeprodukt.   Foto: Privat

Nyhende

Alle strikkakleda ligg ferdig nedpakka til strikkestanden hennar på Strynemessa. Som dei fleste har ho ikkje vore på ei messe på snart to år.

– Eg har med alt muleg av heimestrikka kle. Dobbeltstrikka tøfler, vottar, barnegensarar, damegensarar og mykje meir, seier Thorill Nilsen. Ho er fødd og oppvaksen i Stryn, og budde i 44 år i Volda etter at ho flytta frå heimbygda. Dei siste fem åra har ho hatt adresse i Ørsta, med flott utsikt mot fjorden og inngangen til Eiksundtunnelen.

Jubileum sist messe

Ho ser fram til å kome på plass i standen sin rett ved sidan av kafeteriaen i hallen.

På denne plassen har ho halde til i om lag 15 år. I 2019 hadde ho 20-årsjubileum med strikkestanden sin på messa, så no blir det 21. gongen.

– Eg har mange faste kundar som kjem bort og slår av ein prat. «Så kjekt å sjå deg att», seier dei. Og så kjem det alltid ein del nye, seier ho.

Strikkar på bestilling

Strikking er populært for tida. Mange strikkar sjølve, og det synest ho er flott. Men mange ønskjer også å kjøpe ferdige produkt. Nilsen strikkar også på bestilling alt etter kva ønske kundane har.

– Eg kjem til å strikke så lenge alderen tilseier at eg klarer det, seier ho. Som lita jente lærte ho seg å strikke av Minny Glomnes, og sidan den gong har strikking og hekling vore ein kjær hobby.

– Veldig kjekt å vere med

– Kva synest du om å vere med på messa?

– Når det nærmar seg oktober, byrjar eg å bli rastlaus. Då veit eg at eg snart skal på messa i Stryn. Eg synest det er veldig kjekt å vere med. Eg kjem i kontakt med så mykje kjekke folk med kundar og messeleiinga, seier ho. Ein gong Stryn, alltid Stryn.

Alle utstillarane gler seg

– Eg trur alle utstillarane gler seg ekstra mykje til å vere med på Strynemessa i år. For dei fleste av oss er det lenge sidan sist messe, seier ho. Utover vinteren har ho fått fleire førespurnader frå andre messer i regionen, men då set ho kursen for sydlegare strok.

Så det blir først og fremst Strynemessa på henne i år!

(Saka stod først på trykk i messeavisa)