Verdensdagen for psykisk helse:

Fem små tips til betre mental helse

Karin Gregersen Vik er leiar for Mental helse i Stryn.   Foto: /Arkiv: Berit Melheim

Nyhende

I dag er det Verdensdagen for psykisk helse og årets tema er "Livet under og etter ein pandemi - følg opp!"

- Det handlar om å følge opp seg sjølv og dei rundt deg, og førebygge einsemd og utanforskap, seier leiar for Mental Helse i Stryn, Karin Gregersen Vik. Ho fortel at dei vil markere dagen litt seinare, med blant anna stand på Stryn Torg om to veker.

Gregersen Vik kan by på fem små "kvardagstips" for betre mental helse:

1. Skape/ halde ved like sosiale nettverk

- Ring i staden for å tekste. Inviter nokon på "skravlekaffi". Del enkle historier, filmklipp eller interessante artiklar for å starte ein samtale.

2. Vere aktiv

- Start dagen med å gå ein tur. Sett på musikk som du diggar på fullt volum og ta ein kjøkken-dans. Gjer meir av det du likar!

3. Vere oppmerksam/ vere til stades

- Ta til dømes ei ny rute til jobb og legg merk til hva du ser. Når du for eksempel går ein tur, korleis føles vêret mot andletet ditt? Korleis smakar din første kaffi for dagen? Altså å vere litt meir "i nuet" i dei daglege aktivitetane.

4. Hald fram med å lære

-Ta opp ein gammal hobby. Gjer noko med hendene, det vil redusere stress. Løys kryssord og sudoku.

5. Gi noko til andre

-SMIL til nokon du ikke kjenner. Tilby ei teneste eller hjelp utan å bli spurt. Engasjer deg i frivillig arbeid for noko du brenn for.