Haugen held det springande

Ikkje på felgen: Inge Asbjørn Haugen og løpekollega Paul Johan Undheim frå Molde såg uforskamma opplagde ut rett etter målgang. Haugen sprang inn til ny årsbeste på 4.48.50. Litt yngre Undheim sprang på sterke 3.26.01.  Foto: Privat

Nyhende

Inge Asbjørn Haugen spring og spring. I helga stod Romsdal maraton i Hustadvika utanfor Molde på programmet. Dette var det sjuande maraton-et på åtte helgar, og helga det ikkje vart maraton låg han heller ikkje på latsida - då gjorde han unna den halve distansen. Det skulle bety 315 kilometer med startnummer på brystet sidan midten av august!