Prehospital plan Helse Førde:

Meiner fire prosent reduksjon i oppdrag etter Hornindal-exit ikkje bør påverke ambulansetilbodet i Stryn

Som før: Ei arbeidsgruppe konkluderer med at Stryn og Eid bør ha sama tal ambulansebilar som før.  Foto: Bengt Flaten

Nyhende

Ei arbeidsgruppe for Hornindal/Stryn slår i ein rapport fast at reduksjon på ambulanseoppdrag etter Hornindal sin overgang til Volda er berre på om lag fire prosent, og at det difor ikkje er grunnlag for å gjere reduksjon i tal bilar eller stasjonar samanlikna med i dag. Stasjonane Stryn og Eid har samla to døgnbilar og to dagbilar.