Taletrengd Kjellen stiller i storform

Ein pratesjuk Kjellen klarer nesten ikkje vente på å boltre seg på scena i hallen søndag ettermiddag.

Kjell «Kjellen» Bigset har sterke meiningar om blant anna livet og koronatida.   Foto: Presse

Nyhende

– Kjellen har ikkje fått gjort det steikje støv siste halvanna året, så han har veldig mykje på lager, fortel mannen bak figuren Kjellen, Thomas Ryste. Han er mannen bak humorshowet Klypa, som oppstod i Hovdebygda for rundt 20 år sidan.

Universet av slagferdige figurar har blitt ein hit på YouTube. Ein av dei er den taletrengde tilsette i Fjord1, Kjell «Kjellen» Bigset. Etter ein lang og ufrivillig koronapause, klarer han nesten ikkje å vente med å stå på scena att.

Livet og korona

Ryste kan fortelje at publikum kan vente seg ein god, gammaldags Kjellen i storslag.

Om det er overhengande fare for overtenning, får han heller rase litt frå seg på førehand. Nyleg var han hyra inn til ein annan jobb, men prata seg langt utover avtalt tid.

– Dette blir jo på søndag i beste kyrkjetid, så det blir både preike og livsfilosofi. Han kjem og til å snakke litt om korona, som han har hatt litt av nokre opplevingar med. Det er ikkje berre, berre å jobbe i Fjord1 i koronatida, fortel Thomas Ryste.

Turné og Bergen

Neste månad er det premiere på showet «20 år og like forbanna». Etter turnestart i Ørsta 22. oktober og framsyningar på Sunnmøre, skal showet visast på Ricks i Bergen fram til jul.

– Det er veldig kjekt å byrje att med show. Eg trur at det snur no. No haglar førespurnadane inn. Eg gler meg veldig til å få spele showet mitt i Bergen, seier han om jubileumsshowet.

Første messeshow

Det er første gong at Kjellen underheld på Strynemessa, men har Thomas Ryste vore innom messa før?

– Det har eg heilt sikkert vore, seier han og fortel at foreldra hans har hytte i Stryn.

– Men det er no så mange messer og festivalar i Stryn at det er vanskeleg å vite forskjellen, legg han til, og høyrest mistenkeleg ut som Kjellen i stemma.

– Alle er velkomne

Både Ryste og Kjellen ser fram til å prate framfor eit stort publikum att, og ønskjer alle hjarteleg velkomne.

– Folk må ikkje vere redde for å ta turen til Strynehallen søndag. Eg kan love ein på Kjellen i storform med mykje på hjartet!