Pølse, sa du?

Her blir det pølsemakarfestival

Frode Briksdal og Andre Opheim i Olden er over snittet glade i pølser. Det tek dei no konsekvensen av, og i november er det klart for pølsemakarfestival i bygda.

Pølsefest: Frode Briksdal (t.v.) og Andre Opheim er over snittet glade i pølse. No lagar dei like godt til ein pølsemakarfestival i Olden i november.  Foto: Thomas Thaule

Nyhende

– Tanken kom opp for om lag eitt år sidan i kafeen til Andre Opheim her på butikken. Arne Sandnes delte ut smaksprøver på pølse, då tenkte eg at ein pølsemakarfestival måtte vere noko, seier Frode Briksdal.