Nye appar frå Helsedirektoratet skal dempe psykiske plager

Fem nye appar frå Helsedirektoratet skal førebyggje og dempe at ein kjenner seg nedstemt, stressa og uroleg.

Helsedirektoratet lanserer fem nye appar mot psykiske plager.  Foto: Helsedirektoratet

Nyhende

– Viss fleire kan lære, trene og øve sånn at dei meistrar vanskelege tankar og kjensler, så kan vi truleg førebyggje at plager blir litt meir alvorlege, seier psykologspesialist og avdelingsdirektør Åste Herheim i Helsedirektoratet.

Datatryggleik og personvern er òg ein av grunnane til at Helsedirektoratet tilbyr eigne appar.

– Det er ikkje mangelen på appar som er problemet, men at det ikkje blir stilt krav til garanti eller kvalitet. No gjer vi det litt lettare for folk å finne fram til hjelp og støtte som er relevant, sikker og har god kvalitet. Vi håpar det bidreg til at fleire tek slike verktøy i bruk, seier Herheim.

Appane rettar seg mot ulike målgrupper, blant dei barn, ungdom og gravide.

(NPK)