God utlånssommar ved frivilligsentralane:

– Både lokale og turistar har vore innom for å låne utstyr

BUA Stryn kan sjå tilbake på ein god første sesong med utlån av sports- og fritidsutstyr. – Veldig mange har nytta seg av tilbodet, seier Marit Sandnes Skrede ved Frivilligsentralen. Også i Hornindal har det vore bra pågang.

Godt fornøgde: – Vi er veldig godt fornøgde med sesongen, seier leiar ved Stryn Frivilligsentral, Marit Sandnes Skrede (t.v.). Her saman med Siv Otterdal Bøe og Jannike Sunde før sommarsesongen starta for alvor.  Foto: Thomas Thaule

Nyhende

Tanken med utstyrsbankane er at folk kan låne sports- og fritidsutstyr utan at det kostar ei krone. BUA Stryn (Barn og ungdom i aktivitet) har mykje utstyr i containeren sin, her finn ein til dømes supbrett, rulleskøyter, skateboard, hjelmar, redningsvestar, spel, sparkesyklar, våtdrakter og mykje meir.