Budsjett og økonomiplan:

Ber politikarane vere realistiske i budsjettarbeidet

Om to månader skal Stryn kommunestyre vedta budsjett og økonomiplan for komande periode. I prosessen fram ønskjer økonomisjefen at politikarane skal ha særleg to tal i bakhovudet.

Måltal: Formannskapet vart meir enn ein gong minna om måltala dei skal budsjettere etter då økonomisjef Eivind Hopland innleia arbeidet med økonomiplanen sist veke. Stryn kommune har siste åra vore langt unna å innfri måltala både i høve resultat og bruk av disposisjonsfondet. 

Nyhende

Det er måltala knytt til driftsresultat og disposisjonsfond økonomisjef Eivind Hopland særleg ber politikarane ha med seg inn i budsjettarbeidet. Netto driftsresultat av brutto omsetnad skal helst ligge på 1,75 prosent eller meir, og disposisjonsfondet skal helst utgjere ti prosent av brutto omsetnad.