Fann ikkje noko ulovleg ved opparbeiding av tomt på Skarsmyra

Klagenemnda for offentlege anskaffingar (KOFA)har konkludert i saka om Stryn kommune og betaling for opparbeiding av tomt på Skarsmyra.

Lovleg: Saka om opparbeiding av tomt på Skarsmyra i Stryn miljø- og næringspark er avgjort. 

Nyhende

I fjor vart Stryn kommune klaga inn for KOFA av Kveen AS. Bakgrunnen var at kommunen i 2016 inngjekk ein avtale med Vinsrygg Eigedom AS, som gav selskapet rett til å deponere overskotsmassar frå si tomt på den tilgrensande kommunale tomta på Skarsmyra. I tillegg til å deponere overskotsmassar, opparbeidde Vinsrygg Eigedom AS/Vinsrygg Maskin AS deler av tomta.