Økonomiplan:

Lange ønskjelister frå dei ulike sektorane

I samband med at økonomiplanen stod på agendaen, orienterte kommunalsjefane om behova i sine sektorar. Ønskjelistene er lange.

Meir bemanning: Heidi Vederhus, kommunalsjef helse og sosial, treng meir ressursar. - Og det er ikkje ei 0,23 prosent stilling som vil hjelpe for å tette gapet, seier ho.  Foto: Roy Aron Brenvik Myklebust

Nyhende

Kommunalsjef for helse og sosial, Heidi Vederhus, peika på eit stort bemanningsbehov. Dette knytt til både omsorgssenter, demensarbeid, legekontor og funksjonshemma. Fleire eldre betyr at ein må ha auka fokus på tilrettelegging i heimen, for ein kan ikkje tenkje at alle desse skal ha plass på omsorgssenter i framtida.