Notabene opna butikk att i Stryn

Det var smilande fjes på begge sider av disken, då Notabene opna butikk att i Stryn Torg fredag.

Notabene opna butikk i Stryn Torg fredag i same lokale som for to år sidan. Her butikksjef i Ulsteinvik, Marianne Brandal Haugen (f.v.), butikksjef i Stryn, Christina Svarstad (startar for fullt frå desember) og Notabene-eigar Harald A. Enersen. 

Nyhende

– I dag er vi veldig glade. Tilbakemeldingane vi har fått er veldig gode, seier ein smilande eigar Harald A. Enersen frå Ålesund.