LEIAR:

Sensasjonell leik med trafikktal

Odd A. Folkestad er dagleg leiar i Voldsfjordkryssing AS. Han meiner ørstingar og andre sunnmøringar no må få opp augene for kva potensial ei voldsfjordbru vil ha for heile regionen.  Foto: Svein Nordal, Møre-Nytt

Norconsult har lete vere å forhalde seg til regjeringa si avgjerd om at E39 skal følgje ei indre linje i Nordfjord

Nyhende

Når noko ser sensasjonelt ut, er det god grunn til å stoppe opp og sjekke om det ein har kome fram til, verkeleg kan stemme. Den øvinga burde bruforkjempar Odd A. Folkestad og Norconsult teke, då rapporten Norconsult utarbeidde på oppdrag frå Voldsfjordkryssing AS, viste ein seksdobling i trafikken Volda-Folkestad i 2040, dersom ferja vert avløyst av bru.