– Kan vere fornuftig å vurdere ny reguleringsplan for Storesunde

Uavhengig av klagen som er komen, på dispensasjonen som er gjeven frå gjeldande reguleringsplan på Storesunde, meiner kommunedirektøren at ein bør vurdere ein heilt ny reguleringsplan.

Ny plan: Kommunedirektør Jon. B. Nesje meiner det kan vere fornuftig å vurdere ein ny reguleringsplan for Storesunde. 

Nyhende

– Det kan vere fornuftig, for i forhold til det ein investerer i VA (vatn og avløp) og veg så er det relativt få tomter som skal finansiere dette prosjektet. Og dette er etter mitt skjønn eit ganske attraktivt område for busetjing, sa Jon B. Nesje i si orientering til formannskapet.