Dømd til 120 dagar fengsel for seksuell omgang med mindreårig

Sogn og Fjordane tingrett: Illustrasjonsfoto.  Foto: Bengt Flaten

Nyhende

Ein ung mann frå Nordfjord er dømd til 120 dagar fengsel for seksuell omgang med ei ung jente. Forholdet skjedde tidlegare i år, og var ifølgje dommen frivillig. Jenta som på dette tidspunktet var mellom 14 og 16 år gammal, ønskjer ifølgje dommen ikkje at mannen skal straffast.