Innfører kokepåbod

Det har vore ein vasslekkasje i Stryn som no er lokalisert, opplyser Stryn kommune. Inntil vidare er det difor innført kokepåbod for ein del vassabonnentar.

Kokepåbod er innført for Stryn vassverk sine abonnentar i Vik, Hogane, Hool, Visnes og Stryn sentrum opp til Riise.   Foto: Roger Oldeide (illustrasjonsfoto)

Nyhende

Som følgje av vasslekkasjen har det har gått ut store mengder vatn, noko som har ført til at vatnet kan vere forurensa.