Rosa sløyfe-aksjonen vitja Stryn

Oktober er månaden for Rosa sløyfe-aksjonen, og førre tysdag kom bussen som er innom alle deler av landet, til Stryn.

Rosa sløyfe: Berit Melheim (t.v.) og Liv Synnøve Kleppenes frå Brystkreftforeininga i Nordfjord framfor Rosa sløyfebussen.  Foto: Inge Fænn

Nyhende

– Det er svært lenge sidan bussen har vore i Nordfjord, og det er første gongen i Stryn, fortel Berit Melheim. Saman med Liv Synnøve Kleppenes stod ho ved bussen for å samle inn pengar og gje informasjon om aksjonen som går over heile verda.