LEIAR:

Betydninga av eit lokalt brannvesen

Stryn Brann og redning.   Foto: Thomas Thaule

Samarbeid over kommunegrenser er viktig. Både når det gjeld brannar og alvorlege trafikkulukker

Nyhende

Endå ein gong fekk vi bevis for kor viktig det er å ha eit superlokalt brannvesen. Pipebrannen som vart meldt i Utvik natt til måndag viste seg å vere meir enn brann i pipa. Hadde ikkje Stryn hatt brannvesen i Utvik – og desse kom raskt til, kunne historia om det gamle tømmerhuset blitt nettopp det – huset kunne blitt historie. No er det mykje som tyder på at skadane ikkje er større enn at huset let seg reparere. Politibetjent Jan Tore Sunde gir i dagens avis stor ros til brannvesenet for rask innsats, og er tydeleg på at brannmannskap med kort utrykkingstid var avgjerande for at huset ikkje vart overtent.