Nøgd med responsen på utlyste legestillingar

Kommunedirektør Jon B. Nesje ser positivt på utsiktene for å kunne betre fastlegesituasjonen i Stryn kommune.

Mangel: Det har over tid vore mangel på legar ved Stryn Helsesenter. No har sju søkt på dei utlyste stillingane.   Foto: Roy Aron Brenvik Myklebust

Nyhende

Kommunen har nyleg lyst ut fleire legestillingar, og då fristen gjekk ut sist veke hadde sju kandidatar søkt på stillingane. Nokre hadde også meldt interesse etter at fristen gjekk ut, så ein har bestemt å utvide søknadsfristen til 30. oktober.