Målfest i Nordfjord-derbyet:

- Resultatmessig var det nok over all forventing

Med storsigeren mot Eid førre helg friskt i minnet, var det optimisme å spore i Måløy når dei laurdag tok imot Stryn heime på Skavøypoll stadion. Men dette snudde fort. Gjestane gav seg nemleg ikkje før dei hadde sett inn heile sju mål på dei tafatte måløyværingane.

Tok storsiger: Med storsigeren har skal stryningane i utgangspunktet ha samanlagdsigeren i lomma. Men trenaren understrekar at han ikkje tar noko på forskot.  Foto: Seline Larsen, Fjordenes Tidende

Nyhende

(Fjordenes Tidende:) For heimelaget såg det bra ut ei stund. Vertane fekk ei kanonopning når Fridjon Mortensen heada inn ein corner etter berre tre minutt. Kvarteret seinare hadde heimelaget nok ein stor sjanse, men skotet frå Anders Ulvik Fleten gjekk rett i armane på Stryn-keeper Pål Erik Ytre-Eide.