Ni nye statssekretærar er utnemnde

Ni statssekretærar til har teke plass i den nye Ap-Sp-regjeringa. I alt tel sekretærkorpset no 44 personar. Aleksander Øren Heen frå Sogn og Fjordane er ein av desse.

Aleksander Øren Heen, her på ei tidlegare synfaring på fylkesveg 723 i Lodalen med Jan Ove Hogrenning som kjentmann, har han blitt statssekretær for klima- og miljøminister Espen Barth Eide (Ap).  Foto: Torunn Flatjord (arkivfoto)

Nyhende

Fredag utnemnde Kongen i statsråd professor Oddmund Løkensgard Hoel ved Høgskulen på Vestlandet til statssekretær for forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe (Sp).