Sju smitta i Gloppen – forventar fleire

Illustrasjonsbilde.  Foto: Gunnhild Sindre

Nyhende

I alt sju personar i Gloppen kommune har fått påvist koronasmitte. Rundt 60 personar er definerte som nærkontaktar etter at tre personar fekk påvist korona i Gloppen fredag. Fleire av desse nærkontaktane er i nabokommunen, Stad kommune.

– To skuleklassar, to turngrupper og ei handballgruppe er råka. Smitta har også følgd skuleskyss, skriv NRK, som viser til Gloppen kommune sine heimesider.

Laurdag 23. oktober testa fire nye personar i Gloppen positivt for korona. Alle fire var nærkontaktar til dei tre som testa positivt på fredag 22. oktober. Ca. 40 nye personar har blitt definert som nærkontaktar i Gloppen. Det er også nærkontaktar knytt til Stryn og Stad kommune. Identifiserte nærkontaktar er informert og har fått utlevert testar, opplyser Gloppen kommune.

Stryn og Volda kommunar har ikkje meld om koronasmitte siste 14 dagane.