Startar BibliotekVEKA med forfattarsamtale

I løpet av BibliotekVEKA i Stryn 25.–30. oktober blir det blant anna fleire forfattarbesøk, spøkelseskveld med kulturskulen og halloween-laurdag.

Språkprisen- forfattar frå Sunnfjord: Katrine Sele kjem til forfattarsamtale saman med Jakob Lothe måndag 25. oktober. Tema blir korleis dei skriv historiene sine.   Foto: Nafez Samman/Arkiv

Nyhende

– Grunnen til at vi har ei heil veke med ting som skjer, er at vi plutseleg fekk veldig mange arrangement på same veka. Då tenkte vi at vi like godt kunne putte inn litt ekstra, og gjere heile veka til ei hending. Vi håpar då at fleire vil bli merksame på å kome på biblioteket denne veka, og gjerne på fleire ting. Programmet er så pass variert at det skal vere noko for dei fleste, seier biblioteksjef Kristin Hatledal. Ho håpar at ideen med ei slik veke kanskje kan bli noko fast framover.

Forfattarmøte om historier

Veka startar med forfattarsamtale måndag der temaet blir «Korleis vi skriv historiene».

Jakob Lothe skriv om overlevande frå konsentrasjonsleirane under andre verdskrigen. Katrine Sele har skrive ned historier til flyktningar på asylmottak i Jølster. Dei vil snakke om korleis dei formidlar historiene frå tidsvitna, og kvifor det er så viktig. Samtalen blir leia av Astrid Moe

Teikneverkstad og opplesing

Bjørn F. Rørvik, kjend blant anna for dei populære barnebøkene om Bukkene Bruse, kjem til biblioteket tysdag med livleg høgtopplesing og teikneverkstad for born. Han har same opplegg i regi Sogn og Fjordane Folkeakademi på Hornindal skule same dag.

Forfattar Bjørn R. Rørvik har blant anna skrive bøkene om Bukkene Bruse.   Foto: Presse

Opnar eventyrkofferten

Marthe Holien Bø har med eventyrkofferten og inviterer til lesestund for barn onsdag. Biblioteket byr på bollar og saft.

Spøkelseskveld og halloween

Teatergruppa ved kulturskulen lagar spøkelseskveld torsdag.

Her blir det skumle historier og leikar for eldre born og ungdom. Hatledal set stor pris på det gode samarbeidet med kulturskulen. Fredag blir det ope aktivitetsbord heile dagen. Laurdag er det endeleg familielaurdag att etter ein lang koronapause, og halloween er tema.

Rosenberg om taterlivet

Hilmar Rosenborg med «Den magiske reisa – frå det gode taterliv» kjem på besøk torsdag. Det blir konsert og forteljingar. Rosenborg er født i distriktet, og har turnert fleire stadar i landet med den kulturelle spaserstokken. Han har gjeve ut eiga bok om opplevingane sine, og biblioteket gler seg til å høyre han syngje og fortelje.