Transportbransjen på rekrutteringsturne:

Stort behov for yrkessjåførar

Ei fersk undersøking viser at det er behov for minst 2.500 nye yrkessjåførar kvart år fram til 2030. Ein storstilt rekrutteringsturne rullar langs vegane i desse dagar for å imøtekome det behovet.

Potensielle yrkessjåførar: Elevane ved VG1 og VG. Musikkartist og Tik-Tok stjerna Simon Kleiveland var også med på turnèen. Lærar Styrkår Kvame (t.v.) og lærlingambassadør Julianne Brox (t.h.).  Foto: Berit Melheim

Nyhende

Det er Opplæringskontora som arbeider med utdanning til transportbransjen, i samarbeid med Norges Lastebileigarforbund og NHO Transport, som står bak den landsdekkande rekrutteringsturnèen som besøkte Stryn vidaregåande skule torsdag. Der var målgruppa elevar, lærarar og rådgjevarar på ungdsomstrinnet (9. og 10. klasse) og elevar og lærarar på vg1 TIF og vg2 TOL.