– Det må ikkje bli eit supperåd

Saman med ni andre Nordfjord- og Sunnfjord-kommunar skal Stryn dei neste tre åra teste ut om eit interkommunalt politisk råd har noko føre seg. – Det er viktig at det blir substans i det nye rådet, seier Sven Flo (H).

Gjev det ein sjanse: Sven Flo (H) håpar det nye rådet klarar å vise handlekraft og gje resultat som også er relevant for Stryn kommune i løpet av prøveperioden på tre år.  

Nyhende

Fjordane interkommunalt politisk råd (FIPR) vil vere sett saman av Stryn, Kinn, Bremanger, Gloppen, Stad, Sunnfjord, Fjaler, Hyllestad, Solund og Askvoll. Arealmessig vil det nye rådet femne om halve tidlegare Sogn og Fjordane, med eit innbyggjartal på kring 80.000 innbyggarar.