Frå «hobbyspelar» til utanlandsproff på fem år

På fem år har Oskar Raftevold frå Innvik gått frå å vere «hobbyspelar» til å bli volleyballproff.

Proff: Oskar Raftevold (25) har skrive proffkontrakt med den polske volleyballklubben IBB Polonia.   Foto: Privat

Dette er definitivt draumen som går i oppfylling. Dette er starten på ei fantastisk reise

Oskar Raftevold
Nyhende

Måndag kom nyheita om at 25-åringen frå Innvik har skrive kontrakt med den polske toppklubben IBB Polonia. Dermed forlèt han Førde Volleyballklubb som har vore klubben hans siste åra.