Håp om snarleg opning av Blaksettunnelen

No er det håp om ein betre kvardag for pendlarar og alle andre brukarar av Panoramavegen i Stryn. Den nye Blaksettunnelen får truleg mellombels bruksløyve for opning i løpet av november.

Håp om opning: Vestland fylkeskommune håpar no på mellombels bruksløyve for opning av den nye Blaksettunnelen i løpet av november. Bom er no kome på plass på den eine sida av tunnelen.  Foto: Bengt Flaten

Nyhende

Mogleg tidspunkt for opning av Blaksettunnelen er gitt fleire gonger, men kvar gong med kontrabeskjed om at det likevel ikkje var klart for opning. Tunnelen mange håpa på å få opna først rundt påsketider, deretter i løpet av sommaren, kan no få eit mellombels bruksløyve for opning i løpet av november.