LEIAR:

På tide å kome i gang med "prosjekt skånsam kraftutbygging"

Mykje vatn: – Strynevassdraget skaper stadig oftare problem for grunneigarane i form av flaum. Tida er inne til å oppheve vernevedtak basert på dåtidas tenking og teknologi. Vi treng kraftutbyggingsprosjekt som er tilpassa alle interesser, sa ordføarr Per Kjøllesdal i fjor sommar.  Foto: Bengt Flaten

Endringane i vêr og klima viser kor viktig det er å ha god nok kapasitet på produksjon av rein og fornybar energi

Nyhende

I fjor sommar tok ordførar Per Kjøllesdal (Sp) til orde for ein skånsom og flaumdempande kraftutbygging av Strynevassdraget. Største utfordringa er at vassdraget vart vedteke varig verna i 1993. Likevel meiner ordføraren at det bør gjerast forsøk på å oppheve delar av vernet, slik at vassressursane kan nyttast både med tanke på kraftproduksjon og flaumdemping.