«Studentstova» skal gjere det lettare å ta høgare utdanning:

– Dette er vegen å gå

Stryn har fått sin eigen utdannings-hub, ein stad der studentar og næringsliv kan møtast. – Midt i blinken for Stryn, meinte dei frammøtte då «studentstova» opna tysdag.

Opning: Bjørn Lødemel i Sogn og Fjordane Næringsråd stod saman med dagleg leiar i Nordfjordakademiet, Tonje Bjerkan, for den offisielle opninga av den nye Utdannings huben i Stryn.  Foto: Thomas Thaule

Nyhende

Ein utdannings-hub er eit fysisk læringsmiljø i eit lokalsamfunn der læringsressursar blir tilført digitalt. Tysdag vart ein slik hub opna i Tinggata. Rommet skal vere tilgjengeleg for fulltids- eller deltidsstudentar, anten dei tek vidare- eller etterutdanning, eller for dei som er i Stryn, til dømes over ei lengre periode.