Helseministeren:

- Nasjonale koronatiltak kan bli aktuelt

- Lokale og nasjonale tiltak kan vere aktuelt om smitten held fram med å auke og helsetenestene får ei høg belastning, seier helseminister Ingvild Kjerkol (Ap).

Helseminister Ingvild Kjerkol (Ap).  Foto: Håkon Mosvold Larsen

Nyhende

– Pandemien er ikkje over, og vi ser no at smittetala aukar fleire stader, seier Kjerkol i ei pressemelding onsdag ettermiddag.

Helseministeren seier at viss det kjem ein stor auke i smittespreiinga lokalt eller nasjonalt som gir høg belastning på helsetenestene, må kommunane vere førebudde på å avgrense smittespreiinga gjennom lokale tiltak.

– Det kan òg bli aktuelt å innføre nasjonale tiltak, seier Kjerkol, som ikkje utdjupar kva slags tiltak det kan vere snakk om.

Helse- og omsorgsdepartementet har sendt ut eit justert rundskriv for å rettleie kommunane om lokale smitteverntiltak som kan vere nødvendige ved lokale utbrot.

Ber kommunar gjere vurderingar

Kjerkol trekkjer fram at då Noreg gjekk inn i fasen «ein normal kvardag med økt beredskap», vart dei fleste tiltaka i covid-19-forskrifta oppheva, og styresmaktene gjekk frå å ha ein kontrollstrategi til ein beredskapsstrategi.

– Ein viktig føresetnad i beredskapsstrategien er at kommunane set i verk forskrifter som gjeninnfører tiltak viss den lokale situasjonen tilseier det, seier Kjerkol.

Rundskrivet som er sendt til kommunane, gir mellom anna utfyllande forslag til korleis kommunale forskrifter og enkeltvedtak kan utformast.

Smittetrenden i Noreg er stigande, og det siste døgnet er det registrert 1.144 nye koronatilfelle i Noreg. Det er nær ei dobling frå same dag førre veke, og første gong sidan 14. september at det er registrert over tusen nye smitta på eitt døgn her til lands.

Meir smitte i nord

Særleg i nord er det registrert mange smitta. Det siste døgnet er det registrert 59 nye koronasmitta i Tromsø – det er døgnrekord gjennom heile pandemien. Auken gjer seg gjeldande i alle enkeltgrupper.

I nord har òg talet på innlagde vore høgare. Onsdag var det 14 koronapasientar ved Universitetssjukehuset Nord-Noreg (UNN), ifølgje Helsedirektoratets oversikt. Samtidig er tala på innlagde nasjonalt relativt stabile òg denne veka, faktisk har det vore ein liten nedgang frå 125 måndag til 101 onsdag.

Stadig fleire er no vaksinerte. Heile 4,2 millionar nordmenn frå 12 år har fått første dose, og over 3,7 millionar har fått dose to. Det svarer til ein del på høvesvis 78 og 69 prosent av befolkninga.

Støre: Ansvaret til kommunane

Statsminister Jonas Gahr Støre seier til NTB at helseministeren på ein pressekonferanse torsdag vil gå gjennom korleis regjeringa har handtert koronapandemien.

– Vi ligg på den linja som har vore rådet frå helsestyresmaktene gjennom hausten, at vi er i ein normalsituasjon med forhøgd beredskap, seier han.

Støre understrekar at det siste betyr at regjeringa må følgje veldig nøye med på korleis smittetala utviklar seg i ulike delar av landet, og vere meir målretta når tiltak blir sette inn.

– I ein situasjon der opp mot 90 prosent av oss er vaksinerte, er nasjonale tiltak lite treffsikre. Men vi har ein halv million nordmenn som ikkje er fullvaksinerte, og vi har nokre delar av landet som har smitteutbrot. Då må tiltaka setjast inn der. Så det er den beredskapen vi må halde, og der er det ansvaret til kommunane det er viktig å støtte opp om, seier Støre.