To nye koronasmitta i Stryn, 17 i Gloppen

Tysdag ettermiddag fekk Stryn kommune stadfesta to nye positive prøver på koronavirus. Ingen av desse er smitta i kommunen. Nærkontaktar til dei smitta er varsla.

Illustrasjonsbilde.  Foto: Gunnhild Sindre

Nyhende

Det opplyser kommunen i ei pressemelding.

- Det har vore ein del forkjøling i kommunen dei siste vekene, og vi oppfordrar alle til vere påpasselege med dei generelle smittevernråda og om å teste seg raskt ved nyoppståtte symptom.

Dei generelle smittevernråda som å halde seg heime når ein er sjuk og å ha god hoste- og handhygiene gjeld framleis.

Om du har nyoppståtte luftvegsymptom som feber, hoste, sår hals eller nedsett allmenntilstand bør du halde deg heime. Ungdom og vaksne bør ha ein negativ covid-19 test før dei vender tilbake til skule eller arbeid, skriv kommunen.

I Gloppen kommune er det 17 personar som har fått påvist koronasmitte sidan fredag. Tre av desse fekk påvist smitte tysdag. Dei nye smitta er knytt til Sandane skule, Nordstranda skule og Breim skule, skriv Gloppen kommune på sine heimesider.