Lærte om slakting og å ta vare på mat:

Frå gardsbruk til matbordet

I førre veke fekk elevane i 9. klasse ved Hornindal skule ei litt annerleis veke. Elevane har arbeidd med temaet «frå jord til bord» i eit tverrfagleg prosjekt mellom faga mat og helse, naturfag og samfunnsfag.

Slakting: Elevane følgde interesserte med på slakteprosessen. Frå venstre: Lukas Olai Lødemel, Henrik August Nygård Seljeset, Sivert Matvik Lillestøl og Idar Nygård, som har hatt tradisjon i mange år med å vise elevane korleis ein slaktar og tilbereder.  Foto: Aurora Dimmen Bratli

Nyhende

Prosjektet «frå jord til bord» handlar om at elevane skulle lære meir om kvar maten vår kjem i frå og den lange vegen frå gårdsbruket til matbordet.