Koronasmitte i nabokommunar

Både Gloppen og Skjåk kommunar har fleire koronatilfelle.

Skjåkheimen.  Foto: Hans Erik Kjosbakken

Nyhende

I Gloppen kommune er det 26 personar som har fått påvist koronasmitte sidan fredag. Ni av desse fekk påvist smitte onsdag. Dei nye smitta er knytt til Sandane skule, Nordstranda skule og Breim skule, opplyser kommunen.

I samband med smitteutbrotet på Skjåkheimen testa fire nye personar positivt for korona onsdag. Ifølgje Skjåk kommune er smittevegen kjent, og alle dei fire nye positive prøvene onsdag er av personar knytt til smitteutbrotet på Skjåkheimen. Det samla talet på smitta med tilknyting til utbrotet er no 29 personar. Det skriv Fjuken.