Gode råd for knask eller knep-kvelden

Ver frisk, ta på refleks og sjå etter lykter ute når du skal ut og gå frå dør til dør etter gotteri. Dette er nokre av råda for Halloween-feiringa søndag.

Søndag 31. oktober er det Halloween. (Illustrasjon)  Foto: Sigrid Heggestad

Nyhende

Halloween-feiringa står bokstaveleg talt for døra. Sjølv om samfunnet har opna opp att etter tidvis strenge koronatiltak, tilrår Folkehelseinstituttet, FHI, at ein også i år tek smittevernomsyn.

– Det viktigaste rådet er at om ein er sjuk så held ein seg heime. På same måte bør ein heller ikkje opne døra for dei som går «knask eller knep» om ein føler seg dårleg, seier Simen Gald, kommunikasjonsrådgjevar hos FHI.

Det er generelt ein del smitte på denne tid av året, uavhengig av korona, og å tenkje smittevern er aldri feil. Gald syner elles til råda som vart gitt av FHI i fjor, og at desse kan ein med fordel ha med seg også i år.

Knask eller knep-råd:

•Både dei som ringer på og dei som opnar døra må vere friske.

•Hald avstand til andre grupper dersom det oppstår kø utanfor enkelte hus.

•Den som opnar døra, er den som deler ut godteri. Husk reine hender, eller bruk skje/pølseklype.

•Vent med å ete godteriet til runden er ferdig og ein har fått vaska/sprita hendene.

•Ikke del godteri.

•Ha gjerne ein vaksen med på runden: dei kan sikre både smittevern og trafikksikkerheit i mørkret.

• For mange har det blitt tradisjon å setje ut lys eller lykt, og dermed signalisere at ein ønskjer besøk. Men ikkje alle har lyst på skumle og utkledde born på døra. Er det heilt mørkt ved inngangsdøra bør ein heller gå vidare til neste hus.