Thingnes Bø står over sesongstarten

Johannes Thingnes Bø.  Foto: Manzoni/IBU (arkiv)

Nyhende

Johannes Thingnes Bø står over sesongstarten i skiskyting på Sjusjøen i helga. Årsaka er ei lett forkjøling, skriv Norges Skiskyttarforbund i ei pressemelding fredag.

Sprint laurdag og fellesstart søndag står på programmet i den tradisjonelle sesongstarten på Sjusjøen.

Thingnes Bø går inn i OL-sesongen som førre sesongs verdscupvinnar.