Sesongopning i skiskyting:

- Som det skal vere på denne tida

Tarjei Bø gjekk inn til tredjeplass då skiskyttarane hadde sesongstart på Sjusjøen laurdag.

Sesongstart: Godkjent sesongstart for Tarjei Bø laurdag.  Foto: NSSF (arkiv)

Nyhende

Bøaren fekk ein bom på liggande skyting, men på ståande gjekk det mykje betre. "Fem rett ned" gjorde at Bø var med i kampen om ein pallplass.

Ut frå ståande skyting var han 19 sekund bak leiande Sivert Bakken, og 1,2 km før mål hadde forspranget krympa til 13 sekund. I mål var avstanden opp til Bakken 10,6 sekund, noko som heldt til tredjeplass.

- Hardt, og tøffe forhold. Det var eit jag utan like. Men det var eit bra løp, men ikkje perfekt. Akkurat slik det skal vere på denne tida, sa Tarjei Bø til NRK etter løpet.

- Viktig for Tarjei å lukkast på ståande skyting der han har slite før, sa NRK-ekspert Ola Lunde.

Sivert Bakken vann 10 km sprint på tida 24.27,4. Bakken skaut feilfritt. Håvard Gutubø Bogetveit frå Førde vart nummer to med ein bom, 9,5 sekund bak vinnaren. Bø var berre 1,1 sekund bak Bogetveit.

Johan-Olav Smørdal Botn frå Stårheim tok med ein bom ein imponerande 10. plass, 36,8 sekund bak Sivert Bakken.

Johannes Thingnes Bø stod over dagens sprint grunna ei lett forkjøling.

Isak Nikloai Hopland, Hardbagg IL/Team Blåne vart nummer 51 (to bom), Simon Hjelmeset Kirkeeide, Markane IL/Team Woodcon, nummer 61 (fire bom), Vegard Skrede, Hardbagg IL/Team Hugaas nummer 72 (tre bom), og Martin Aaland, Hardbagg IL/Team Blåne nummer 88 (to bom).

Søndag står fellesstart på programmet på Sjusjøen.