Sesongopning på Sjusjøen:

Eit skikkeleg «magedrag» fiksa sigeren

Tarjei Bø var best på fellesstarten under på Sjusjøen søndag. Stryningen kunne roe ned på oppløpet og kontrollere inn sigeren etter å ha sett inn støtet ein kilometer før mål.

Gode svar: Tarjei Bø vart nummer tre på sprinten under sesongopninga på Sjusjøen, og han vann fellesstarten søndag.   Foto: tom-vegard feltstykket

Nyhende

Tarjei Bø skaut fullt hus på første liggande, men ein bom på andre liggande skyting gjorde at han låg 25,9 sekund bak teten.

Men på ståande gjekk det strålande, med feilfri skyting. Ut frå siste skyting låg Bø på fjerdeplass, 10,4 sekund bak teten.

Ein kilometer før mål tok han teten, og med 600 meter att sette han inn det avgjerande rykket, og kom åleine inn på oppløpet.

– Deilig å kunne puste ut på oppløpet, det var harde konkurrentar bak meg, sa Tarjei Bø til NRK etter løpet.

Franskmennene Quentin Fillon Maillet og Emilien Jacquelin tok andre- og tredjeplassen, sju og ni sekund bak Bø. Håvard Gutubø Bogetveit imponerte igjen og vart nummer seks, 19,8 sekund bak.

Med tredjeplass laurdag og siger søndag ligg Bø godt i rute til verdscupopninga i Östersund om to veker.

Johannes Thingnes Bø stod også over fellesstarten.