Dei har fått grønt lys til verdscupopninga

Östersund: Johannes Thingnes Bø (t.v.) og Tarjei Bø er tekne ut til å gå opningsrenna i verdscupen.  Foto: Manzoni/IBU

Nyhende

Norges Skiskyttarforbund har gjort uttak til første runde i verdscupen som går av stabelen i Östersund 26.november - 4. desember.

Både Tarjei Bø og Johannes Thingnes Bø har fått grønt lys.

Tarjei viste gode takter under sesongopninga på Sjusjøen sist helg, med tredjeplass på sprinten og siger på fellesstarten. Johannes måtte på si side stå over opningshelga grunna ei forkjøling.

Følgjande herreløparar er tekne ut til verdscupopninga:

Filip Fjeld Andersen, Geilo IL (førehandskvalifisert Season opening), Sivert Guttorm Bakken, Vingrom IL, Johannes Thingnes Bø, Markane IL, Tarjei Bø, Markane IL, Vetle Sjåstad Christiansen, Geilo IL, Johannes Dale, Fet Skiklubb, Sturla Holm Lægreid, Bærums Skiklubb.

Karoline Erdal og Håvard Gutubø Bogetveit, begge Førde IL, er saman med Johan-Olav Smørdal Botn, Stårheim IL tekne ut til å gå renn i IBU-cupen i Idre 23. - 28. november.