Tore Andre Flo har fått ny jobb

Tore Andre Flo (48) er den nye trenaren til Sogndal. Det opplyser klubben onsdag ettermiddag.

Ny jobb: Tore Andre Flo byter Chelsea med trenaransvaret i Sogndal.  Foto: Bengt Flaten

Nyhende

- Sogndal Fotball har i dag gleda av å informere om at Tore André Flo blir ny hovudtrenar. Partane er einige om ein avtale som strekkjer seg over tre år, med start ved nyttår 2022, skriv klubben.